Rykta om min død er sterkt overdrivne..

februar 20, 2009

Enkelte har klaga på at eg ikkje har vore særleg flink til å oppdatere bloggen min i det siste. Eg skuldar ofte på at eg har vore ofseleg travel (noko som sjølvsagt er rein og skjær løgn), eller at eg ikkje har gidda (som ikkje er særleg langt ifrå sanninga).

Til alle mine dedikerte fans, som alltid har vore der og støtta meg gjennom tunge tider, og heia meg fram når tidene var gode etc. vil eg beklage at eg ikkje har oppdatert bloggen sidan lenge før jul.

Samtidig vil eg fordele litt skuld på min kjære bror og fetter (det er to forskjellige personar!) som berika meg med besøk i jula og på nyåret. Det var dei som, noko ufrivilleg, sendte meg på kurs langt vekk frå bloggosfæra ved å dra meg land og strand rundt, og okkupere maskina mi den vetle tida me var i Yotsuya. Takk skal de ha! Eg hadde det utruleg kjekt når de var her! Drit i bloggen!

Det har skjedd ganske mykje sidan midten av desember i vår herrens år 2008, og eg vil i denne posten først og fremst påpeike at eg har hatt det bra. Voldsomt bra! Så det er med blanda følelsar at eg vender nasen (beklagar om den dulta borti nokon) vestover om ei vekes tid. Eg gler meg sjølvsagt til å treffe att gode vener, familie og verdas nydlegaste jente, men det er vedmodig å forlate nye venner og ein særs sutalaus tilværelse* i eit av verdas desidert raraste land.

* Har noken eit bra nynorskord for tilværelse? Tilhøve?

Korea og bursdag og sånn

desember 8, 2008

Og vips var eg tilbake i Japan att! Eigentleg er det ei veke sidan, så vipsfaktoren er ikkje så veldig høg, men eg syns det ser bra ut med ein vips.

Turen til Korea var ein rar opplevelse. To netter og tre dagar var i realiteten meir som ein dag og ei og ei halv natt, ettersom eg reiste seint på laurdag og tidleg på måndag.

På flyet såg eg litt på Hellboy, men den var heilt urealistisk og tåpeleg, so eg las litt i fantasyboka mi i staden.
Eg kom fram til hotellet i titida på laurdag, tok meg ein dusj og stakk ut. Tenkte eg skulle sjå meg omkring og ta noken øl. Eg hadde lese om dei mest vanlege utelivsplassane på wikitravel.org, og tenkte eg skulle sjekke ut ein plass med masse studentar, men eg presterte å rote meg vekk. Metroen slutta plutseleg å gå, og eg presterte å hoppe på eit tog som gjekk motsatt retning av der eg skulle, so etter to stopp hoppa eg ut og fann ein taxi og stakk til Itaewon, ettersom det var det einaste namnet eg kom på i farta. Der var det fullt liv. Det vil seie ca. ein hær med amerikanske soldatar. Eg trakka rundt ei lita stund, åt litt kylling på KFC og tok ein ny taxi heim til det digre hotellrommet mitt.

Stor seng. Eg trur eg var meir glad enn kva eg ser ut som.

Stor seng. Eg trur eg var meir glad enn kva eg ser ut som.

På søndag, bursdagen min, starta eg dagen med å opne pakke frå svigers, og låg ein liten time i senga og las i Pondusboka eg fekk. Is nice. Etter litt meir enn akkurat passe mykje somling kom eg meg ut av hotellet, og tok på ny fatt på metrosystemet. Det gjekk betrakteleg mykje betre denne gongen, og eg kom meg stort sett fram til der eg ville. Gjekk på historisk museum, handla litt og trakka litt rundt. Eg gjekk inn på eit rart lite kjøpesenter der alle butikkane var ca 4 kvadratmeter store. Dei hadde ikkje so mykje spennande i førsteetasjen, so eg tok rulletrappa opp til andre. Der var det mykje det same, og plutseleg stod eg i åttande etasje og såg meg omkring. Der hadde dei mat, so då tenkte eg at eg like gjerne kunne ete litt.

Ein slags samurai eller noke.

Ein slags samurai eller noke.

Eg fann ein «restaurant» som hadde bilete av mat som eg kunne peike på, og peika på noke som likna på nudlar. Det viste seg å vere nudlar. Det viste seg faktisk og å vere den sterkaste retten eg nokon sinne har ete. Og den vanskelegaste. Eg har alltid trudd at eg har vore ein fan av sterk mat, men etter møtet med koreansk mat skjønar eg at eg ikkje heilt har vore klar over kva sterk mat er. Eg er ganske sikker på at dei som jobba der er klar over at eg syns det var litt sterkt, for eg drakk nesten ein og ein halv liter vatn, og henta sju serviettar for å pusse nasen i løpet av seansen. I tillegg var både nudlane og spisepinnane av metall særs lite samarbeidsvillege, men etter ti minutt med kaving kom personalet med gaffel og nytt påfyll med vatn. Eg reiste frå sjappa som ein mettare, men framleis like lite klok gut med litt mindre sjølvtillit en når eg kom.

Etter maten trakka eg rundt litt meir før eg stakk tilbake til hotellet. Plukka opp tre øl og litt snacks på vegen, og vel heime tappa eg badekaret og hadde eit toppers vorspiel med Pondus, boka mi og tre kalde øl. Eg trur eg sette ny personleg badekarbadingsrekord med 2,5 time.

Utruleg kva tre øl og eit varmt bad kan gjere med ei stakkar sjel.

Utruleg kva tre øl og eit varmt bad kan gjere med ei stakkar sjel.

So var det ut igjen. Yeah! Ut og feire bursdag. Eg hadde rukke å lese litt meir om utelivet, og funne ut at ein av dei beste plassane å feste faktisk var to stopp bortanfor hotellet. Eg skulle gjerne likt å vete det kvelden før. Eg hadde peika meg ut ein klubb som visstnok var full kvar kveld, noko som fort kunne vere ein bra ting ettersom det var søndag, men retningssansen svikta meg, og eg fann ikkje den fordømte plassen. Til gjengjeld fann eg ein plass eg hadde lese om der dei sel god mat og godt øl, so eg tenkte «kvifor ikkje». Før eg hadde rukke å få maten (kvitlauk med kylling på), hadde allereie tre servitriser kome bort, sett litt rart på meg og spurt om eg var heilt åleine. «Heilt, heilt åleine?!» spurde ei av dei. «Ja. Heilt åleine» sa eg, og såg opp på ho med store, våte kvalpeauger. Men eg hadde det eigentleg heilt topp! Eg hadde øl, god mat og det var fotball på storskjerm. Eg sat faktisk og småhumra av den bisarre situasjonen. So lo eg av at eg småhumra. Og so følte eg meg litt teit fordi eg sat og lo, men det gjorde ingenting.

Midt under måltidet mitt kom det tre amerikanarar og sette seg på nabobordet. Me kom litt i snakk via fotballen, og etter ei lita stund inviterte dei meg bort til deira bord. Eg takka sjølvsagt ja. Det var jo akkurat dette eg hadde håpa skulle skje! Dei var engelsklærarar, og det hadde seg slik at dei var ute og feira bursdagen til ein av dei, og at ein av dei andre hadde hatt bursdag 28. november, so det vart mykje skåling med soju, det lokale brennevinet. Etter litt for mykje soju kom me oss vidare. Området me var i var visstnok veldig dødt på søndagar, så me skulle til Itaewon, kor det ifølge amerikanarane alltid er liv.

I Itaewon var det dødt. Me trakka rundt ei stund, opp hooker hill, rundt prostitute plaza og forbi pimp patio. Eg veit ikkje om desse namna var offisielle namn, men eg vil tru at eg nettopp dikta opp ca 66% av dei. Etter å ha vore innom 2-3 tomme plassar endte me opp på Geckos. Der var det oss fire, og 7-8 russiske modellar. Eg tenkte med meg sjølv at «jaja, det kunne vel ha vore verre».

Modellane var omtrent sånn som eg alltid har forestillt meg russarar. Ganske gretne. Og dei brukte ein time på ein runde biljiard, noko som fekk ein av amerikanarane til å slenge litt med leppa, og då stakk dei ikkje so lenge etterpå. So då var det berre oss igjen. Det kom jägershots på bordet som eg noko motvilleg konsumerte. Me spelte litt billiard, men vart leie og bestemte oss for å finne ein annan plass. Vel ute fann det andre bursdagsbarnet ut at han skulle heim, og då dei to andre fann ut at dei skulle sjekke varene på hooker hill fann eg ut eg eg og skulle. Stikke heim altso.

Klokka var ca 4 når eg kom tilbake til hotellet, og eg hadde bestillt wakeup call til 5.30 sidan bussen kom og skulle køyre oss til flyplassen kl 6. Det var med andre ord ein trøytt og elles ganske redusert Eirik som utan nemneverdige problem kom seg gjennom passkontrollen og tilbake til Japan.

Og han var einig om at han hadde hatt ein fin tur.

Stillig blå varebil.

Stillig blå varebil.

Korea!

november 29, 2008

I det siste har eg drøymd mange gangar at eg har skjegg. Og av og til bart. Og av og til berre bart (det er dei beste draumane). Og det kler meg sinnsjukt bra! Men eg har jo ikkje skjegg, og blir like skuffa kvar morgon når det pluseleg er vekke. Eg skuldar på Audun, som alltid snakkar om kor godt det er med med nybalsamert skjegg. Audun, kan du ikkje snakke om smular og matrestar i staden? Og kor slitsomt det er å stelle det heile tida og sånn. So kan eg gå tilbake til å drøyme at eg spelar på topp med Martins, og bøttar inn mål for Newcastle. Gudane veit at dei treng det!

I dag reiser eg til Korea. Eg må ut av landet for å få tre nye månader med opphaldstillatelse. No skjønar eg kor stress det må vere å vere flyktning. Mykje papirarbeid og styr, so må ein ut av landet likevel. For eit slit.  Eg gruar meg til å kome tilbake til Japan. I det siste har dei visstnok stramma inn på rutinene med folk som reiser til utlandet for ein dag eller to, og kjem tilbake for å få tre nye månader. Ei som jobbar på ambassaden sa at det var ein nordmann som sat i fleire veker i Korea før han slapp innatt i Japan. Eg har hatt mykje flaks i det siste, så eg føler på meg at det vert problem på veg tilbake. Jobben betalar turen, og sidan det var fullbooka på økonomi og standard vart eg oppgradert til ..  ehh. nivået over standard. Eg ser for meg at ei sær tolking av karma kjem til å manifisterast i ein gretten, vrang passkontrollkis som går inn for å gjere livet mitt ubehageleg.

Bortsett frå det gruar eg meg ikkje til å kome tilbake til Japan. Eg elskar landet.

Kofferten er pakka, billettane er klare, og mobiltelefonar, kamera og MP3-spelar er fullada. Bok er på plass i sekken, og den fancy klokka mi er på armen. Det er på tide å fly.

Sayonara

Haust

november 24, 2008

Det er haust i Japan. Eg likar det. Kom nett tilbake frå ein herleg joggetur i regnet, gjort komplett med ein påfølgande varm dusj, og straks ei seng med nytt laken og dynetrekk. Is nice.

I går var eg på fjelltur med Anna, Mimi og ei venninne av ho. Stod opp grytidleg og tok toget ein times tid vestover til Isehara, og bussen vidare til foten av fjellet. Fjellet heiter Ooyama (大山), som betyr storefjell, og er 1200 meter høgt. Eg let bileta prate for seg sjølv.

Ein trøtt Eirik Magnar kom attende ca kl 21. Nok ein kjempeflott tur!

The good life

november 16, 2008

Først og fremst vil eg gjere det klart at eg på ingen måte kjem til å hinte om at eg snart har bursdag (30. november for dei uinnvidde) eller at det hadde vore kjekt å få noke i posten. Til dømes i anledning.. tja.. ein årmålsdag kanskje? Eg skjønar at det sikkert ikkje er så lett å finne adressa mi ettersom eg tross alt befinne meg i Japan.

Eg har endeleg bestilt meg tur til Korea. Må ut av landet den 30. november for å få nytt turistvisum, så eg blir påspandert ein tur av jobben. Is nice! Reiser til Seoul 29. nov og kjem heim 1. des, så eg kjem til å feire min 25. bursdag mutters åleine i eit heilt framand land. Ifølge wikitravel.org har amerikansk militærpoliti i Seoul mandat til å konfrontere alle som ser ut som dei kanskje jobbar i det amerikanske militæret, og få dei til å identifisere seg sjølv. Om dei ikkje klarar det vert dei tatt med til ein amerikansk base for ein grundigare sjekk. Så eg tenker at om eg trenar på meg ca 15 kilo musklar og beinmasse, rakar hovudet og ter meg som ein tosk, så kan eg sikkert sitte og dele krigshistorier med ein gjeng white trash. Ikkje at eg har noken krigshistorier, men dei er nok lettare å dikte opp på engelsk enn på koreansk.

På fredag hadde Anna og eg felles bursdagsfeiring, og inviterte nokre vener og laga kake, pai, chips og punsj. Strengt tatt laga Anna kake og pai, men eg putta chipsen i skåler, og laga punsjen nesten heilt åleine. Det var veldig godt. Særleg punsjen. Og det var kjekt. Særleg på grunn av punsjen. Me fekk til og med bursdagspresangar av gjestane. Etter ei stund reiste me på klubb i Shibuya. Litt stiv cover, men eg hadde det knall! Og alle var einige om at det var ein fin kveld.

I dag var me med tre av kollegaane våre til Edo-Tokyo Museum. Det var både kjekt og lærerikt. Ikkje minst for våre japanske venninner. Me teama opp med ein engelsktalande guide og tok ein runde. Såg blant anna ein postkasse frå 1600-talet, og eit par modellar med kjempemange små unike figurar på. Etter museet gjekk me til ein slags tradisjonell restaurant der dei serverte noke eg ikkje hugsar namnet på, men me bestilte i allefall noke med alt, og fekk ei diger skål med krabbe, kylling, kamskjell, laks, egg, diverse grønt etc. Dette «alt» putta me oppi ei panne med kraft, og kokte på ein ovn på bordet. So åt me det, og det smakte godt. Overraskande godt, faktisk.

Har rett og slett hatt ei kjempeflott helg!

«I wanna take you to a gay bar..»

november 9, 2008

Det har skjedd ein del sidan sist. Skulle berre mangle ettersom det er over ein månad sidan siste skikkelege oppdatering.

I slutten av september arrangerte STB ein travel workshop, der dei inviterte samarbeidspartnerar til å ha stands, og det som kan krype og gå av reiselivsarbeidarar i Japan til å kome og prate med dei. Eg har forstått det slik at det var suksess. Jobben min gjekk stort sett ut på å ta bilete og sjå bra ut, noko eg gjennomførte med stil. Særleg det siste. Etter workshop var det debriefing i eit lokale høgt oppe i Tokyo Dome Hotel, og etter debriefing tok me eit par øl i skybaren på hotellet. Der har Britney óg vore. Etter skybaren gjekk me til ein izakaya og åt og drakk litt meir øl. So gjekk me heim. Alle var einige om at det hadde vore ein fin kveld.

Utsikt frå Tokyo Dome Hotel sky barUtsikt og øl

Vekedagane tilbringe eg på jobb fram til 17.30, og når eg kjem heim lagar eg middag og lunsj til neste dag, så det er i helgene me har tid til å finne på ting. Futsal stort sett kvar helg, gjerne dagen etter fest.

Her ein dag var Anna, Matti, Mimi og eg og bowla i Shinjuku. Eg rocka, og vann to av tre rundar. Den siste runden bowla me med feil hand, og då fekk svenskane meir poeng enn med rett hand. Eg tapte den runden. Eg forbedra min personlege rekord med ca 40 poeng til 162, og var godt nøgd med det.

Ein særs dårleg hårdag såg ikkje ut til å påverke meg.

Ein særs dårleg hårdag såg ikkje ut til å påverke meg.

På workshopen i september vart eg kjend med ein japanar som heiter Ryota, og har gått ut med han nokre gangar. I går var ein slik gang. Me (Anna og eg) møtte han i Shibuya for å ta ei øl eller to der, og treffe ei vennine av han. Me var på ein ganske kul, litt jazzy bar då han plutseleg sa at me skulle på ein gay bar seinare. Eg syns det passa flott sidan eg hadde på meg skinnbuksene mine med hol på rumpa, og helsetrye som framhevar absa mine. På gay baren var det kjekt. Og eg fekk vete at i Shinjuku Nichome er det over 300 gay bars, og i ca halvparten av dei er det berre menn som får kome inn. I tillegg er det nokon som er berre for vestlege, og at dei kan vere ganske hardcore. So veit de det. Innehavaren av baren me var på var av typen gay, super. Han var førtinoko, og skraut av at han har ein 24 år gamal kjæreste. Minnte meg litt om ein viss norsk stylist. Fin fyr. Fin kveld.

Kvar er Eirik?

Kvar er Eirik?

Kontorbygg til bryggeriet Asahi, forma som ein diger halvliter.

Slik haldt eg på i fem timar. Det finst videoopptak og. Tilgjengeleg via Pay Per View - Send e-post for meir informasjon.

Slik haldt eg på i fem timar. Det finst videoopptak og. Tilgjengeleg via Pay Per View – Send e-post for meir informasjon.
Eirik (til venstre) og Ryota

Eirik (til venstre) og Ryota

Ein gammal mann på festen som syns at Svenskar var pakk. Skål for den ;)

Ein gammal mann på festen som syns at Svenskar var pakk. Skål for den 😉

Daibutsu i Kamakura

Det er stort sett det som har skjedd i det siste.

Personleg Finanskrise!

oktober 23, 2008

Til dei av deke som ikkje har fått med seg at det er ei finanskrise på gang anbefalar eg å lese dette.

Ting tyder på at eg har reist til Japan på tidenes dårlegaste tidspunkt, med eit mogleg unntak av 1944-1945, og alt er finanskrisa sin feil. Krona stuper! Det gjer IKKJE yenet. Då eg kom til japan for snart to månader sidan var 100 YEN verdt ganske nøyaktig 5 NOK. Praktisk ettersom eg er rå på femgangen, og billeg. Sidan den gang har yenet blitt 50% dyrare i forhold til krona. 50%!!!  — 100 YEN = 7,5 NOK —

For at alle skal skjøne nøyaktig kva dette vil sei for meg vil eg omforme tala til den mest brukte og forståelege valutaen. Øl.

Ei øl ligg stort sett rundt 1000 yen. Når eg kom hit var det 50 kr. Ikkje dyrt, ikkje billeg. Med ein kurs på 7,5 kostar den same øla 75 kroner, like mykje kostar det for ei økt med futsal i veka. All mat, alt eg kjøper kostar 50% meir.

Her er ei lenkje til ein graf som syner utviklinga.

Eg veit, eg veit. Det kunne vore verre. Eg er ikkje frå Zimbabwe. Shit happens, men faen.
Ikkje kan eg 7,5-gangen heller… Om det held fram slik vert det fort 10-gangen til jul..

Big City Life

september 28, 2008

Det har endeleg gått opp for meg at eg bur i Tokyo. Nokon vil nok kalle meg treig. Det vil sikkert eg og om eg får tenkt meg litt om.

Eg likar å bu i Tokyo. Det har kanskje litt med å gjere at eg med mine 178 cm på sokken (kven seier eigentleg «strømpelesten»?) som oftast er høgst når eg står i kø for å presse meg inn på overfyllte metrovogner, men eg trur det har mest med å gjere at Tokyo faktisk er ein genial by. Det er lett, kjapt og billeg å forflytte seg, og det er moderne og urbant samtidig som det er gamaldags og tradisjonelt. Min favorittdel, i allefall so lenge veiret held seg, er likevel dei mange flotte parkane. På tysdag var eg i parken ved Keisarpalasset midt i byen og låg og las bok i solsteiken. Og sov litt.

I dag var eg i Shinjuku, og kjøpte med meg suppe og donuts og sat meg i Shinjuku Gyouen (park) og kosa meg. I nettopp denne parken sat  Silje og eg og kosa oss med suppe og donuts i fjor sommar, så det var ikkje reint tilfeldig at eg gjorde det same i dag. Og eg må innrømme at det var hakket meir triveleg forrige gang.

I går var Anna og eg i Asakusa, og såg oss omkring. Det var der Silje og eg budde halvparten av tida me var i Tokyo, so der er eg rimeleg greit kjent. Eg synte Anna to gode restaurantar, og me kika på eit lite tempel med ein stor port.

Etterpå reiste me til Ikebukuro og åt pizza og var i ein pachinkohall og konkurrerte litt. Konkurransen gjekk ut på å slå so mange gangar som mogleg på krokodiller som kom ut av holene sine. Anna klarte imponerande 104 treff, og eg klarte (ikkje overraskande) endå meir imponerande 132. Easy win!
Då er stillinga altså 2-1 til meg etter at Anna knuste meg i basket, og eg knuste ho i air hockey forrige helg.
No skal Eirik pugge glosar.
Piece out!

Jordskjelv!

september 21, 2008

I dag opplevde eg for første gang å merke eit jordskjelv! Det var litt irriterande, for klokka var berre 07:00 på ein søndagsmorgon! Først peip hunden i huset, so begynte døra mi å slamre noke voldsomt, so gjekk det opp for meg at senga mi rista, so tenkte eg «alright! Jordskjelv!», so sov eg vidare. Det var kjekt.

Forrige helg var Anna og eg ein tur til Ueno for å sjå oss litt omkring. Der var me blant anna på Zoo og såg på masse rare dyr, og trakka litt rundt og såg i rare butikkar.

På fredag var me ein tur på ei reiselivsmesse i samband med jobben. Der var det stands frå dei fleste landa i verda, og diverse aktivitetar og matservering. So no har eg lyst til å reise. I åresvis for å rekke over alt.

På laurdag reiste me til Shiodome i Tokyo Bay-området, og tok heisa til toppen av World Trade Center (ca 150 m). Omtrent slik såg det ut i alle retningar.

Utsikt frå World Trade Center i Tokyo

Utsikt frå World Trade Center i Tokyo

No har eg fått meg mobiltelefon, so viss noken må få tak i meg skikkeleg fort, eller har lyst å ringe til meg på fylla, kan dei finne nummeret under kontaktinformasjon. Ellers er eg av og til på Skype og MSN.
No skal eg på butikken og sjå om eg finne noke godt å ete. Som er enkelt å lage. Og tar lite tid. Eg er litt slapp i dag…

Peas out!

Jepps! Eirik er i Japan

september 14, 2008

Etter ei lang reise, som inkluderte 3-4 fantastiske dagar i Tyskland saman med Silje, kom eg til Tokyo på måndag for to veker sidan (01.09). Reisa gjekk flott, men dei påfølgande dagane, og ikkje minst nettene, var prega av jetlag.

Eg bur i kjellaren til ein familie (mor, son, dotter og hund), saman med ei svensk jente som heiter Anna, som òg er intern hos Scandinavian Tourist Board (STB). Me har to forholdsvis store rom, og delar eit lite bad og eit endå mindre kjøken. Doen har ikkje rumpevask, men eg skal nok klare meg utan. Første kvelden åt me middag saman med familien. Fekk servert fisk (nei, ikkje sushi. Dei har faktisk andre måtar å tilberede fisk på), misosuppe og litt anna som eg ikkje heilt veit kva var. Godt var det i allefall!

Jobben starta allereie dagen etter at eg kom bort hit. Tar ca 10-15 minutt å gå til kontoret, så eg er veldig glad for at eg slepp å ta metro i rushtida. Folka på jobben er veldig hyggelege, og alle er gode i engelsk, og noken kan norsk og svensk. Til no har eg stort sett gjort ein del ad hoc-oppgåver, som å finne informasjon på internett og oversetje litt, men seinare blir det litt større oppgåver.

Første fredagen var Anna, Mattias (han som har ansvar for internane) og ein kompis av han på pub til pubrunde i Roppongi, som er kjend for nattelivet. Det er veldig mange vestlege som plar å gå ut der.
Great success.

Første laurdagen låg eg stort sett i senga.

I går, laurdag, reiste eg litt rundt i Tokyo og såg meg omkring.  I Shinjuku var eg blant anna oppe i ein skyskrapar med utsikt over store delar av byen. Og i Ginza gjekk eg forbi opninga av det eg trur er den første H&M-butikken i Tokyo. Der var det kø. lang kø. Godt over 500 meter med kø, med ca 4 folk i breidda. Dei er litt galne desse japanarane.

Elles kan eg røpe at eg har det bra, og at brev og liknande blir mottatt med stor takk 😉
Je!