Det har skjedd ein del sidan sist. Skulle berre mangle ettersom det er over ein månad sidan siste skikkelege oppdatering.
I slutten av september arrangerte STB ein travel workshop, der dei inviterte samarbeidspartnerar til å ha stands, og det som kan krype og gå av reiselivsarbeidarar i Japan til å kome og prate med dei. Eg har forstått det slik at det var suksess. Jobben min gjekk stort sett ut på å ta bilete og sjå bra ut, noko eg gjennomførte med stil. Særleg det siste. Etter workshop var det debriefing i eit lokale høgt oppe i Tokyo Dome Hotel, og etter debriefing tok me eit par øl i skybaren på hotellet. Der har Britney óg vore. Etter skybaren gjekk me til ein izakaya og åt og drakk litt meir øl. So gjekk me heim. Alle var einige om at det hadde vore ein fin kveld.
Vekedagane tilbringe eg på jobb fram til 17.30, og når eg kjem heim lagar eg middag og lunsj til neste dag, så det er i helgene me har tid til å finne på ting. Futsal stort sett kvar helg, gjerne dagen etter fest.
Her ein dag var Anna, Matti, Mimi og eg og bowla i Shinjuku. Eg rocka, og vann to av tre rundar. Den siste runden bowla me med feil hand, og då fekk svenskane meir poeng enn med rett hand. Eg tapte den runden. Eg forbedra min personlege rekord med ca 40 poeng til 162, og var godt nøgd med det.
På workshopen i september vart eg kjend med ein japanar som heiter Ryota, og har gått ut med han nokre gangar. I går var ein slik gang. Me (Anna og eg) møtte han i Shibuya for å ta ei øl eller to der, og treffe ei vennine av han. Me var på ein ganske kul, litt jazzy bar då han plutseleg sa at me skulle på ein gay bar seinare. Eg syns det passa flott sidan eg hadde på meg skinnbuksene mine med hol på rumpa, og helsetrye som framhevar absa mine. På gay baren var det kjekt. Og eg fekk vete at i Shinjuku Nichome er det over 300 gay bars, og i ca halvparten av dei er det berre menn som får kome inn. I tillegg er det nokon som er berre for vestlege, og at dei kan vere ganske hardcore. So veit de det. Innehavaren av baren me var på var av typen gay, super. Han var førtinoko, og skraut av at han har ein 24 år gamal kjæreste. Minnte meg litt om ein viss norsk stylist. Fin fyr. Fin kveld.
- Slik haldt eg på i fem timar. Det finst videoopptak og. Tilgjengeleg via Pay Per View – Send e-post for meir informasjon.
Det er stort sett det som har skjedd i det siste.
november 9, 2008 ved 4:38 pm
Fekk du napp?
november 9, 2008 ved 10:52 pm
Eirik får ikkje napp.
Han er napp.
november 10, 2008 ved 5:39 am
Audun er ein bibel for sanning.
november 10, 2008 ved 11:41 am
Eg vil gjerne sjå video-opptak:P
november 11, 2008 ved 2:17 pm
Har dei thomastoget i japan og?
Eg e bedre enn deg i bowling!
november 11, 2008 ved 4:13 pm
Du har jo jobba i ein bowlinghall! Urettferdig! Men mad skills, da ska du ha 😉
Dei har ALT i Japan. Men ikkje brunost… Trur eg…