The good life

Først og fremst vil eg gjere det klart at eg på ingen måte kjem til å hinte om at eg snart har bursdag (30. november for dei uinnvidde) eller at det hadde vore kjekt å få noke i posten. Til dømes i anledning.. tja.. ein årmålsdag kanskje? Eg skjønar at det sikkert ikkje er så lett å finne adressa mi ettersom eg tross alt befinne meg i Japan.

Eg har endeleg bestilt meg tur til Korea. Må ut av landet den 30. november for å få nytt turistvisum, så eg blir påspandert ein tur av jobben. Is nice! Reiser til Seoul 29. nov og kjem heim 1. des, så eg kjem til å feire min 25. bursdag mutters åleine i eit heilt framand land. Ifølge wikitravel.org har amerikansk militærpoliti i Seoul mandat til å konfrontere alle som ser ut som dei kanskje jobbar i det amerikanske militæret, og få dei til å identifisere seg sjølv. Om dei ikkje klarar det vert dei tatt med til ein amerikansk base for ein grundigare sjekk. Så eg tenker at om eg trenar på meg ca 15 kilo musklar og beinmasse, rakar hovudet og ter meg som ein tosk, så kan eg sikkert sitte og dele krigshistorier med ein gjeng white trash. Ikkje at eg har noken krigshistorier, men dei er nok lettare å dikte opp på engelsk enn på koreansk.

På fredag hadde Anna og eg felles bursdagsfeiring, og inviterte nokre vener og laga kake, pai, chips og punsj. Strengt tatt laga Anna kake og pai, men eg putta chipsen i skåler, og laga punsjen nesten heilt åleine. Det var veldig godt. Særleg punsjen. Og det var kjekt. Særleg på grunn av punsjen. Me fekk til og med bursdagspresangar av gjestane. Etter ei stund reiste me på klubb i Shibuya. Litt stiv cover, men eg hadde det knall! Og alle var einige om at det var ein fin kveld.

I dag var me med tre av kollegaane våre til Edo-Tokyo Museum. Det var både kjekt og lærerikt. Ikkje minst for våre japanske venninner. Me teama opp med ein engelsktalande guide og tok ein runde. Såg blant anna ein postkasse frå 1600-talet, og eit par modellar med kjempemange små unike figurar på. Etter museet gjekk me til ein slags tradisjonell restaurant der dei serverte noke eg ikkje hugsar namnet på, men me bestilte i allefall noke med alt, og fekk ei diger skål med krabbe, kylling, kamskjell, laks, egg, diverse grønt etc. Dette «alt» putta me oppi ei panne med kraft, og kokte på ein ovn på bordet. So åt me det, og det smakte godt. Overraskande godt, faktisk.

Har rett og slett hatt ei kjempeflott helg!

Kommenter innlegget