Personleg Finanskrise!

Til dei av deke som ikkje har fått med seg at det er ei finanskrise på gang anbefalar eg å lese dette.

Ting tyder på at eg har reist til Japan på tidenes dårlegaste tidspunkt, med eit mogleg unntak av 1944-1945, og alt er finanskrisa sin feil. Krona stuper! Det gjer IKKJE yenet. Då eg kom til japan for snart to månader sidan var 100 YEN verdt ganske nøyaktig 5 NOK. Praktisk ettersom eg er rå på femgangen, og billeg. Sidan den gang har yenet blitt 50% dyrare i forhold til krona. 50%!!!  — 100 YEN = 7,5 NOK —

For at alle skal skjøne nøyaktig kva dette vil sei for meg vil eg omforme tala til den mest brukte og forståelege valutaen. Øl.

Ei øl ligg stort sett rundt 1000 yen. Når eg kom hit var det 50 kr. Ikkje dyrt, ikkje billeg. Med ein kurs på 7,5 kostar den same øla 75 kroner, like mykje kostar det for ei økt med futsal i veka. All mat, alt eg kjøper kostar 50% meir.

Her er ei lenkje til ein graf som syner utviklinga.

Eg veit, eg veit. Det kunne vore verre. Eg er ikkje frå Zimbabwe. Shit happens, men faen.
Ikkje kan eg 7,5-gangen heller… Om det held fram slik vert det fort 10-gangen til jul..

14 kommentarar to “Personleg Finanskrise!”

  1. gaute Says:

    eg foreslår at du skaffar deg noke slikt:

    http://cgi.ebay.com/TV-VCR-DVD-SAT-RC-Remote-Control-Calculator-Mens-Watch_W0QQitemZ320311047502QQcmdZViewItem?hash=item320311047502&_trkparms=72%3A1205|39%3A1|66%3A2|65%3A12|240%3A1318&_trksid=p3286.c0.m14

    enkelt og greit, og alltid beredt.

  2. Inger Says:

    Men 10 gangen e jo lett 🙂

  3. dnoate Says:

    Det går nok bra etterhvert. Jeg er heller ingen kløpper på gangetabellen. 🙂

  4. Audun Says:

    No har eg _i alle fall_ ikkje råd til å besøke deg.

  5. Magnus Says:

    Kjipt. Då eg for til Jordan var det omvendt, dinaren stupte og krona gjekk opp/var stabil.

    No har eg heller ikkje råd til å besøke deg.

  6. Audun Says:

    http://www.bt.no/na24/article650212.ece

    Woohoo! Kjendis-Eirik! Passande (tok du an?) at dei brukte politibiletet ditt.

  7. Orusaka Says:

    Wow. Syk kursutvikling. Men tør man spørre hvor det er du drikker hen? Øl kostet som regel aldri mer enn 500 yen uansett hvor man man befant seg da jeg bodde i Japan. Det er riktignok et år siden, men det kan jo umuligens ha gått så sterkt opp. Men forferdelig kurs, ja.

  8. Kvitlauk.com » Fattig Eirik Magnar i Japan Says:

    […] storkosa seg. Han storkosar seg for so vidt framleis, men 40% mindre no enn før. Grunnen er ei personleg finanskrise. Etter å ein periode ha prøvd få sympati på Kvitlauk (der han sjølvsagt mislukkast) har han […]

  9. Jan Says:

    Hvor i alle dager betaler du 1000 Yen for én øl!? Du blir jo flådd gutt. Den skal stort sett koste 4-500 (selv på nattklubber)…

  10. eirikmagnar Says:

    Jan og Orusaka: det har blitt litt Shinjuku, Yotsuya (der eg bur) og Roppongi i det siste. Prisane ligg stort sett frå 700-1000. Brukte 1000 for å forenkle mattestykket 😉

  11. eirikmagnar Says:

    Audun: Loool! tok’an!
    Inger: Veit! Gler meg til jul!!
    Gaute: Har sjølvsagt to av den der 😉

  12. Jan Says:

    Huff da, gå heller til en av småstedene under jernbanen i Ueno, billig og enormt bra. Ellers burde du kanskje satse på 飲み放題?Izakayaer er det
    beste som har skjedd meg….

    Roppongi hater jeg som pesten.

  13. Hilde Says:

    så leit:( utlandet e jo til for billige ting….slik eg ser det.

  14. Kvitlauk.com » Attende til Magyarország Says:

    […] Eg veit kva du vil seie. Og eg er eigentleg heilt einig. Men som du sjølv har påpeika vert det alt for dyrt å vitje deg i Tokyo. Kaptein: Rett nok er England både eit par hakk […]

Kommenter innlegget