Kva er greia?

Spør du kanskje deg sjølv. Kanskje ikkje.
Greia er i alle fall at eg er i Japan i samband med ein praksisplass hos noko som heiter Scandinavian Tourist Board (STB), som jobbar med å promotere Skandinavia som reisemål for aust-asiatar. Eg jobbar i det asiatiske hovudkontoret i Tokyo, og bur i kjellaren til ein japansk familie, saman med ei svensk jente som heiter Anna som òg jobbar der.

Dette blir ein tilfeldig oppdatert, uhøgtidleg blogg som stort sett kjem til å handle om diverse. Meir spesifikk kan eg ikkje vere. Eg gidd i allefall ikkje det no.

Ei tilbakemelding to “Kva er greia?”

  1. Hilde Says:

    hertzlich!!!
    Du skriv så artig, gler meg til å følle med på livet ditt.
    forresten hadde vi Welcome Back fest for roggy igår! d va kanon….sjøl om halve festen kapitulerte i 24-tida….:)

Kommenter innlegget