Archive for februar 2009

Rykta om min død er sterkt overdrivne..

februar 20, 2009

Enkelte har klaga på at eg ikkje har vore særleg flink til å oppdatere bloggen min i det siste. Eg skuldar ofte på at eg har vore ofseleg travel (noko som sjølvsagt er rein og skjær løgn), eller at eg ikkje har gidda (som ikkje er særleg langt ifrå sanninga).

Til alle mine dedikerte fans, som alltid har vore der og støtta meg gjennom tunge tider, og heia meg fram når tidene var gode etc. vil eg beklage at eg ikkje har oppdatert bloggen sidan lenge før jul.

Samtidig vil eg fordele litt skuld på min kjære bror og fetter (det er to forskjellige personar!) som berika meg med besøk i jula og på nyåret. Det var dei som, noko ufrivilleg, sendte meg på kurs langt vekk frå bloggosfæra ved å dra meg land og strand rundt, og okkupere maskina mi den vetle tida me var i Yotsuya. Takk skal de ha! Eg hadde det utruleg kjekt når de var her! Drit i bloggen!

Det har skjedd ganske mykje sidan midten av desember i vår herrens år 2008, og eg vil i denne posten først og fremst påpeike at eg har hatt det bra. Voldsomt bra! Så det er med blanda følelsar at eg vender nasen (beklagar om den dulta borti nokon) vestover om ei vekes tid. Eg gler meg sjølvsagt til å treffe att gode vener, familie og verdas nydlegaste jente, men det er vedmodig å forlate nye venner og ein særs sutalaus tilværelse* i eit av verdas desidert raraste land.

* Har noken eit bra nynorskord for tilværelse? Tilhøve?

Advertisements