Det har endeleg gått opp for meg at eg bur i Tokyo. Nokon vil nok kalle meg treig. Det vil sikkert eg og om eg får tenkt meg litt om.
Eg likar å bu i Tokyo. Det har kanskje litt med å gjere at eg med mine 178 cm på sokken (kven seier eigentleg «strømpelesten»?) som oftast er høgst når eg står i kø for å presse meg inn på overfyllte metrovogner, men eg trur det har mest med å gjere at Tokyo faktisk er ein genial by. Det er lett, kjapt og billeg å forflytte seg, og det er moderne og urbant samtidig som det er gamaldags og tradisjonelt. Min favorittdel, i allefall so lenge veiret held seg, er likevel dei mange flotte parkane. På tysdag var eg i parken ved Keisarpalasset midt i byen og låg og las bok i solsteiken. Og sov litt.
- Vollgrav utanfor Keisarpalasset
- Vakttårn
- Samurai!
- Park ved Keisarpalasset
- Eirik som nesten søv
I dag var eg i Shinjuku, og kjøpte med meg suppe og donuts og sat meg i Shinjuku Gyouen (park) og kosa meg. I nettopp denne parken sat Silje og eg og kosa oss med suppe og donuts i fjor sommar, så det var ikkje reint tilfeldig at eg gjorde det same i dag. Og eg må innrømme at det var hakket meir triveleg forrige gang.
I går var Anna og eg i Asakusa, og såg oss omkring. Det var der Silje og eg budde halvparten av tida me var i Tokyo, so der er eg rimeleg greit kjent. Eg synte Anna to gode restaurantar, og me kika på eit lite tempel med ein stor port.