I dag opplevde eg for første gang å merke eit jordskjelv! Det var litt irriterande, for klokka var berre 07:00 på ein søndagsmorgon! Først peip hunden i huset, so begynte døra mi å slamre noke voldsomt, so gjekk det opp for meg at senga mi rista, so tenkte eg «alright! Jordskjelv!», so sov eg vidare. Det var kjekt.
Forrige helg var Anna og eg ein tur til Ueno for å sjå oss litt omkring. Der var me blant anna på Zoo og såg på masse rare dyr, og trakka litt rundt og såg i rare butikkar.
På fredag var me ein tur på ei reiselivsmesse i samband med jobben. Der var det stands frå dei fleste landa i verda, og diverse aktivitetar og matservering. So no har eg lyst til å reise. I åresvis for å rekke over alt.
På laurdag reiste me til Shiodome i Tokyo Bay-området, og tok heisa til toppen av World Trade Center (ca 150 m). Omtrent slik såg det ut i alle retningar.
No har eg fått meg mobiltelefon, so viss noken må få tak i meg skikkeleg fort, eller har lyst å ringe til meg på fylla, kan dei finne nummeret under kontaktinformasjon. Ellers er eg av og til på Skype og MSN.
No skal eg på butikken og sjå om eg finne noke godt å ete. Som er enkelt å lage. Og tar lite tid. Eg er litt slapp i dag…
Peas out!
september 21, 2008 ved 10:05 am
Tøft. Eg trur eg opplevde eit jordskjelv i Jordan på nokolunde same måte. Eg våkna tidleg om morgonen av at senga mi rista, noko eg syns var rart og trudde det var noko eg innbilte meg og sovna etter eit par sekund. So skjedde det to-tre gongar til og istaden for å tenke “alright! Jordskjelv!”, tenkte eg «å faen, jordskjelv. Blokka kjem til å bli grusa.» (Dette fordi visse hus og bustadblokker i Midtausten ikkje kjend for deira enorme kvalitet medan alt i Japan har anti-jordskjelv-ting.) Og so sov eg vidare.
Viss du har lyst å reise, blir du med til Libya eller Oman? Må rekke Libya før Muammar dett om og alle turistar strøyme inn.
september 21, 2008 ved 11:45 am
Ja, eg vil tru standarden er litt betre her 🙂
september 25, 2008 ved 8:22 pm
Hallai Eirik!
En liten langhåra blondine hvisket meg i øret at du hadde begynt å blogge! Kult, måtte le når du fortalte om hvor lite innvirkning et jordskjelv har på deg…hehe..I allefall, keep it up! JEg har også fått meg en liten blogg som du gjerne må kikke innom, selv om jeg ikke har det så spennende som du gjerne har det…Jeg har i allefall lagt deg til blogglisten min. Take care!