Archive for november 2008

Korea!

november 29, 2008

I det siste har eg drøymd mange gangar at eg har skjegg. Og av og til bart. Og av og til berre bart (det er dei beste draumane). Og det kler meg sinnsjukt bra! Men eg har jo ikkje skjegg, og blir like skuffa kvar morgon når det pluseleg er vekke. Eg skuldar på Audun, som alltid snakkar om kor godt det er med med nybalsamert skjegg. Audun, kan du ikkje snakke om smular og matrestar i staden? Og kor slitsomt det er å stelle det heile tida og sånn. So kan eg gå tilbake til å drøyme at eg spelar på topp med Martins, og bøttar inn mål for Newcastle. Gudane veit at dei treng det!

I dag reiser eg til Korea. Eg må ut av landet for å få tre nye månader med opphaldstillatelse. No skjønar eg kor stress det må vere å vere flyktning. Mykje papirarbeid og styr, so må ein ut av landet likevel. For eit slit.  Eg gruar meg til å kome tilbake til Japan. I det siste har dei visstnok stramma inn på rutinene med folk som reiser til utlandet for ein dag eller to, og kjem tilbake for å få tre nye månader. Ei som jobbar på ambassaden sa at det var ein nordmann som sat i fleire veker i Korea før han slapp innatt i Japan. Eg har hatt mykje flaks i det siste, så eg føler på meg at det vert problem på veg tilbake. Jobben betalar turen, og sidan det var fullbooka på økonomi og standard vart eg oppgradert til ..  ehh. nivået over standard. Eg ser for meg at ei sær tolking av karma kjem til å manifisterast i ein gretten, vrang passkontrollkis som går inn for å gjere livet mitt ubehageleg.

Bortsett frå det gruar eg meg ikkje til å kome tilbake til Japan. Eg elskar landet.

Kofferten er pakka, billettane er klare, og mobiltelefonar, kamera og MP3-spelar er fullada. Bok er på plass i sekken, og den fancy klokka mi er på armen. Det er på tide å fly.

Sayonara

Haust

november 24, 2008

Det er haust i Japan. Eg likar det. Kom nett tilbake frå ein herleg joggetur i regnet, gjort komplett med ein påfølgande varm dusj, og straks ei seng med nytt laken og dynetrekk. Is nice.

I går var eg på fjelltur med Anna, Mimi og ei venninne av ho. Stod opp grytidleg og tok toget ein times tid vestover til Isehara, og bussen vidare til foten av fjellet. Fjellet heiter Ooyama (大山), som betyr storefjell, og er 1200 meter høgt. Eg let bileta prate for seg sjølv.

Ein trøtt Eirik Magnar kom attende ca kl 21. Nok ein kjempeflott tur!

The good life

november 16, 2008

Først og fremst vil eg gjere det klart at eg på ingen måte kjem til å hinte om at eg snart har bursdag (30. november for dei uinnvidde) eller at det hadde vore kjekt å få noke i posten. Til dømes i anledning.. tja.. ein årmålsdag kanskje? Eg skjønar at det sikkert ikkje er så lett å finne adressa mi ettersom eg tross alt befinne meg i Japan.

Eg har endeleg bestilt meg tur til Korea. Må ut av landet den 30. november for å få nytt turistvisum, så eg blir påspandert ein tur av jobben. Is nice! Reiser til Seoul 29. nov og kjem heim 1. des, så eg kjem til å feire min 25. bursdag mutters åleine i eit heilt framand land. Ifølge wikitravel.org har amerikansk militærpoliti i Seoul mandat til å konfrontere alle som ser ut som dei kanskje jobbar i det amerikanske militæret, og få dei til å identifisere seg sjølv. Om dei ikkje klarar det vert dei tatt med til ein amerikansk base for ein grundigare sjekk. Så eg tenker at om eg trenar på meg ca 15 kilo musklar og beinmasse, rakar hovudet og ter meg som ein tosk, så kan eg sikkert sitte og dele krigshistorier med ein gjeng white trash. Ikkje at eg har noken krigshistorier, men dei er nok lettare å dikte opp på engelsk enn på koreansk.

På fredag hadde Anna og eg felles bursdagsfeiring, og inviterte nokre vener og laga kake, pai, chips og punsj. Strengt tatt laga Anna kake og pai, men eg putta chipsen i skåler, og laga punsjen nesten heilt åleine. Det var veldig godt. Særleg punsjen. Og det var kjekt. Særleg på grunn av punsjen. Me fekk til og med bursdagspresangar av gjestane. Etter ei stund reiste me på klubb i Shibuya. Litt stiv cover, men eg hadde det knall! Og alle var einige om at det var ein fin kveld.

I dag var me med tre av kollegaane våre til Edo-Tokyo Museum. Det var både kjekt og lærerikt. Ikkje minst for våre japanske venninner. Me teama opp med ein engelsktalande guide og tok ein runde. Såg blant anna ein postkasse frå 1600-talet, og eit par modellar med kjempemange små unike figurar på. Etter museet gjekk me til ein slags tradisjonell restaurant der dei serverte noke eg ikkje hugsar namnet på, men me bestilte i allefall noke med alt, og fekk ei diger skål med krabbe, kylling, kamskjell, laks, egg, diverse grønt etc. Dette «alt» putta me oppi ei panne med kraft, og kokte på ein ovn på bordet. So åt me det, og det smakte godt. Overraskande godt, faktisk.

Har rett og slett hatt ei kjempeflott helg!

«I wanna take you to a gay bar..»

november 9, 2008

Det har skjedd ein del sidan sist. Skulle berre mangle ettersom det er over ein månad sidan siste skikkelege oppdatering.

I slutten av september arrangerte STB ein travel workshop, der dei inviterte samarbeidspartnerar til å ha stands, og det som kan krype og gå av reiselivsarbeidarar i Japan til å kome og prate med dei. Eg har forstått det slik at det var suksess. Jobben min gjekk stort sett ut på å ta bilete og sjå bra ut, noko eg gjennomførte med stil. Særleg det siste. Etter workshop var det debriefing i eit lokale høgt oppe i Tokyo Dome Hotel, og etter debriefing tok me eit par øl i skybaren på hotellet. Der har Britney óg vore. Etter skybaren gjekk me til ein izakaya og åt og drakk litt meir øl. So gjekk me heim. Alle var einige om at det hadde vore ein fin kveld.

Utsikt frå Tokyo Dome Hotel sky barUtsikt og øl

Vekedagane tilbringe eg på jobb fram til 17.30, og når eg kjem heim lagar eg middag og lunsj til neste dag, så det er i helgene me har tid til å finne på ting. Futsal stort sett kvar helg, gjerne dagen etter fest.

Her ein dag var Anna, Matti, Mimi og eg og bowla i Shinjuku. Eg rocka, og vann to av tre rundar. Den siste runden bowla me med feil hand, og då fekk svenskane meir poeng enn med rett hand. Eg tapte den runden. Eg forbedra min personlege rekord med ca 40 poeng til 162, og var godt nøgd med det.

Ein særs dårleg hårdag såg ikkje ut til å påverke meg.

Ein særs dårleg hårdag såg ikkje ut til å påverke meg.

På workshopen i september vart eg kjend med ein japanar som heiter Ryota, og har gått ut med han nokre gangar. I går var ein slik gang. Me (Anna og eg) møtte han i Shibuya for å ta ei øl eller to der, og treffe ei vennine av han. Me var på ein ganske kul, litt jazzy bar då han plutseleg sa at me skulle på ein gay bar seinare. Eg syns det passa flott sidan eg hadde på meg skinnbuksene mine med hol på rumpa, og helsetrye som framhevar absa mine. På gay baren var det kjekt. Og eg fekk vete at i Shinjuku Nichome er det over 300 gay bars, og i ca halvparten av dei er det berre menn som får kome inn. I tillegg er det nokon som er berre for vestlege, og at dei kan vere ganske hardcore. So veit de det. Innehavaren av baren me var på var av typen gay, super. Han var førtinoko, og skraut av at han har ein 24 år gamal kjæreste. Minnte meg litt om ein viss norsk stylist. Fin fyr. Fin kveld.

Kvar er Eirik?

Kvar er Eirik?

Kontorbygg til bryggeriet Asahi, forma som ein diger halvliter.

Slik haldt eg på i fem timar. Det finst videoopptak og. Tilgjengeleg via Pay Per View - Send e-post for meir informasjon.

Slik haldt eg på i fem timar. Det finst videoopptak og. Tilgjengeleg via Pay Per View – Send e-post for meir informasjon.
Eirik (til venstre) og Ryota

Eirik (til venstre) og Ryota

Ein gammal mann på festen som syns at Svenskar var pakk. Skål for den ;)

Ein gammal mann på festen som syns at Svenskar var pakk. Skål for den 😉

Daibutsu i Kamakura

Det er stort sett det som har skjedd i det siste.