Korea!

I det siste har eg drøymd mange gangar at eg har skjegg. Og av og til bart. Og av og til berre bart (det er dei beste draumane). Og det kler meg sinnsjukt bra! Men eg har jo ikkje skjegg, og blir like skuffa kvar morgon når det pluseleg er vekke. Eg skuldar på Audun, som alltid snakkar om kor godt det er med med nybalsamert skjegg. Audun, kan du ikkje snakke om smular og matrestar i staden? Og kor slitsomt det er å stelle det heile tida og sånn. So kan eg gå tilbake til å drøyme at eg spelar på topp med Martins, og bøttar inn mål for Newcastle. Gudane veit at dei treng det!

I dag reiser eg til Korea. Eg må ut av landet for å få tre nye månader med opphaldstillatelse. No skjønar eg kor stress det må vere å vere flyktning. Mykje papirarbeid og styr, so må ein ut av landet likevel. For eit slit.  Eg gruar meg til å kome tilbake til Japan. I det siste har dei visstnok stramma inn på rutinene med folk som reiser til utlandet for ein dag eller to, og kjem tilbake for å få tre nye månader. Ei som jobbar på ambassaden sa at det var ein nordmann som sat i fleire veker i Korea før han slapp innatt i Japan. Eg har hatt mykje flaks i det siste, så eg føler på meg at det vert problem på veg tilbake. Jobben betalar turen, og sidan det var fullbooka på økonomi og standard vart eg oppgradert til ..  ehh. nivået over standard. Eg ser for meg at ei sær tolking av karma kjem til å manifisterast i ein gretten, vrang passkontrollkis som går inn for å gjere livet mitt ubehageleg.

Bortsett frå det gruar eg meg ikkje til å kome tilbake til Japan. Eg elskar landet.

Kofferten er pakka, billettane er klare, og mobiltelefonar, kamera og MP3-spelar er fullada. Bok er på plass i sekken, og den fancy klokka mi er på armen. Det er på tide å fly.

Sayonara

Ei tilbakemelding to “Korea!”

  1. Magnus Says:

    Eg måtte det same då eg var i Jordan. Då tok eg turen til Syria. Det gjekk greitt å sleppe innatt i Jordan att, men då fekk eg berre visum for ein månad som berre kunne utvidast dersom eg tok ei ny blodprøve. Vonar du slepp rett innatt i Japan. Lukke til!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: