Etter ei lang reise, som inkluderte 3-4 fantastiske dagar i Tyskland saman med Silje, kom eg til Tokyo på måndag for to veker sidan (01.09). Reisa gjekk flott, men dei påfølgande dagane, og ikkje minst nettene, var prega av jetlag.
Eg bur i kjellaren til ein familie (mor, son, dotter og hund), saman med ei svensk jente som heiter Anna, som òg er intern hos Scandinavian Tourist Board (STB). Me har to forholdsvis store rom, og delar eit lite bad og eit endå mindre kjøken. Doen har ikkje rumpevask, men eg skal nok klare meg utan. Første kvelden åt me middag saman med familien. Fekk servert fisk (nei, ikkje sushi. Dei har faktisk andre måtar å tilberede fisk på), misosuppe og litt anna som eg ikkje heilt veit kva var. Godt var det i allefall!
Jobben starta allereie dagen etter at eg kom bort hit. Tar ca 10-15 minutt å gå til kontoret, så eg er veldig glad for at eg slepp å ta metro i rushtida. Folka på jobben er veldig hyggelege, og alle er gode i engelsk, og noken kan norsk og svensk. Til no har eg stort sett gjort ein del ad hoc-oppgåver, som å finne informasjon på internett og oversetje litt, men seinare blir det litt større oppgåver.
Første fredagen var Anna, Mattias (han som har ansvar for internane) og ein kompis av han på pub til pubrunde i Roppongi, som er kjend for nattelivet. Det er veldig mange vestlege som plar å gå ut der.
Great success.
Første laurdagen låg eg stort sett i senga.
I går, laurdag, reiste eg litt rundt i Tokyo og såg meg omkring. I Shinjuku var eg blant anna oppe i ein skyskrapar med utsikt over store delar av byen. Og i Ginza gjekk eg forbi opninga av det eg trur er den første H&M-butikken i Tokyo. Der var det kø. lang kø. Godt over 500 meter med kø, med ca 4 folk i breidda. Dei er litt galne desse japanarane.
Elles kan eg røpe at eg har det bra, og at brev og liknande blir mottatt med stor takk 😉
Je!
september 14, 2008 ved 10:25 am
Eg har for det meste ete japansk mat (eg trur i alle fall det er det) etter eg kom til London og hostelet eg bur på er fullt av japanarar.
september 14, 2008 ved 11:52 am
Je! Eirik i Japan! Je!
Eg vann ikkje i lotto denne helga heller, men blir det milliongevinst på meg før du reiser heim dukkar eg truleg uannonsert opp på døra di.
september 17, 2008 ved 3:28 pm
Steikerten, vart det blogg på deg og? Du tør etter forrige haust? 🙂
Nei, dette er bra, vil jo halda eit auga med deg 🙂 Godt du trivst og har det bra!