Korea og bursdag og sånn

Og vips var eg tilbake i Japan att! Eigentleg er det ei veke sidan, så vipsfaktoren er ikkje så veldig høg, men eg syns det ser bra ut med ein vips.

Turen til Korea var ein rar opplevelse. To netter og tre dagar var i realiteten meir som ein dag og ei og ei halv natt, ettersom eg reiste seint på laurdag og tidleg på måndag.

På flyet såg eg litt på Hellboy, men den var heilt urealistisk og tåpeleg, so eg las litt i fantasyboka mi i staden.
Eg kom fram til hotellet i titida på laurdag, tok meg ein dusj og stakk ut. Tenkte eg skulle sjå meg omkring og ta noken øl. Eg hadde lese om dei mest vanlege utelivsplassane på wikitravel.org, og tenkte eg skulle sjekke ut ein plass med masse studentar, men eg presterte å rote meg vekk. Metroen slutta plutseleg å gå, og eg presterte å hoppe på eit tog som gjekk motsatt retning av der eg skulle, so etter to stopp hoppa eg ut og fann ein taxi og stakk til Itaewon, ettersom det var det einaste namnet eg kom på i farta. Der var det fullt liv. Det vil seie ca. ein hær med amerikanske soldatar. Eg trakka rundt ei lita stund, åt litt kylling på KFC og tok ein ny taxi heim til det digre hotellrommet mitt.

Stor seng. Eg trur eg var meir glad enn kva eg ser ut som.

Stor seng. Eg trur eg var meir glad enn kva eg ser ut som.

På søndag, bursdagen min, starta eg dagen med å opne pakke frå svigers, og låg ein liten time i senga og las i Pondusboka eg fekk. Is nice. Etter litt meir enn akkurat passe mykje somling kom eg meg ut av hotellet, og tok på ny fatt på metrosystemet. Det gjekk betrakteleg mykje betre denne gongen, og eg kom meg stort sett fram til der eg ville. Gjekk på historisk museum, handla litt og trakka litt rundt. Eg gjekk inn på eit rart lite kjøpesenter der alle butikkane var ca 4 kvadratmeter store. Dei hadde ikkje so mykje spennande i førsteetasjen, so eg tok rulletrappa opp til andre. Der var det mykje det same, og plutseleg stod eg i åttande etasje og såg meg omkring. Der hadde dei mat, so då tenkte eg at eg like gjerne kunne ete litt.

Ein slags samurai eller noke.

Ein slags samurai eller noke.

Eg fann ein «restaurant» som hadde bilete av mat som eg kunne peike på, og peika på noke som likna på nudlar. Det viste seg å vere nudlar. Det viste seg faktisk og å vere den sterkaste retten eg nokon sinne har ete. Og den vanskelegaste. Eg har alltid trudd at eg har vore ein fan av sterk mat, men etter møtet med koreansk mat skjønar eg at eg ikkje heilt har vore klar over kva sterk mat er. Eg er ganske sikker på at dei som jobba der er klar over at eg syns det var litt sterkt, for eg drakk nesten ein og ein halv liter vatn, og henta sju serviettar for å pusse nasen i løpet av seansen. I tillegg var både nudlane og spisepinnane av metall særs lite samarbeidsvillege, men etter ti minutt med kaving kom personalet med gaffel og nytt påfyll med vatn. Eg reiste frå sjappa som ein mettare, men framleis like lite klok gut med litt mindre sjølvtillit en når eg kom.

Etter maten trakka eg rundt litt meir før eg stakk tilbake til hotellet. Plukka opp tre øl og litt snacks på vegen, og vel heime tappa eg badekaret og hadde eit toppers vorspiel med Pondus, boka mi og tre kalde øl. Eg trur eg sette ny personleg badekarbadingsrekord med 2,5 time.

Utruleg kva tre øl og eit varmt bad kan gjere med ei stakkar sjel.

Utruleg kva tre øl og eit varmt bad kan gjere med ei stakkar sjel.

So var det ut igjen. Yeah! Ut og feire bursdag. Eg hadde rukke å lese litt meir om utelivet, og funne ut at ein av dei beste plassane å feste faktisk var to stopp bortanfor hotellet. Eg skulle gjerne likt å vete det kvelden før. Eg hadde peika meg ut ein klubb som visstnok var full kvar kveld, noko som fort kunne vere ein bra ting ettersom det var søndag, men retningssansen svikta meg, og eg fann ikkje den fordømte plassen. Til gjengjeld fann eg ein plass eg hadde lese om der dei sel god mat og godt øl, so eg tenkte «kvifor ikkje». Før eg hadde rukke å få maten (kvitlauk med kylling på), hadde allereie tre servitriser kome bort, sett litt rart på meg og spurt om eg var heilt åleine. «Heilt, heilt åleine?!» spurde ei av dei. «Ja. Heilt åleine» sa eg, og såg opp på ho med store, våte kvalpeauger. Men eg hadde det eigentleg heilt topp! Eg hadde øl, god mat og det var fotball på storskjerm. Eg sat faktisk og småhumra av den bisarre situasjonen. So lo eg av at eg småhumra. Og so følte eg meg litt teit fordi eg sat og lo, men det gjorde ingenting.

Midt under måltidet mitt kom det tre amerikanarar og sette seg på nabobordet. Me kom litt i snakk via fotballen, og etter ei lita stund inviterte dei meg bort til deira bord. Eg takka sjølvsagt ja. Det var jo akkurat dette eg hadde håpa skulle skje! Dei var engelsklærarar, og det hadde seg slik at dei var ute og feira bursdagen til ein av dei, og at ein av dei andre hadde hatt bursdag 28. november, so det vart mykje skåling med soju, det lokale brennevinet. Etter litt for mykje soju kom me oss vidare. Området me var i var visstnok veldig dødt på søndagar, så me skulle til Itaewon, kor det ifølge amerikanarane alltid er liv.

I Itaewon var det dødt. Me trakka rundt ei stund, opp hooker hill, rundt prostitute plaza og forbi pimp patio. Eg veit ikkje om desse namna var offisielle namn, men eg vil tru at eg nettopp dikta opp ca 66% av dei. Etter å ha vore innom 2-3 tomme plassar endte me opp på Geckos. Der var det oss fire, og 7-8 russiske modellar. Eg tenkte med meg sjølv at «jaja, det kunne vel ha vore verre».

Modellane var omtrent sånn som eg alltid har forestillt meg russarar. Ganske gretne. Og dei brukte ein time på ein runde biljiard, noko som fekk ein av amerikanarane til å slenge litt med leppa, og då stakk dei ikkje so lenge etterpå. So då var det berre oss igjen. Det kom jägershots på bordet som eg noko motvilleg konsumerte. Me spelte litt billiard, men vart leie og bestemte oss for å finne ein annan plass. Vel ute fann det andre bursdagsbarnet ut at han skulle heim, og då dei to andre fann ut at dei skulle sjekke varene på hooker hill fann eg ut eg eg og skulle. Stikke heim altso.

Klokka var ca 4 når eg kom tilbake til hotellet, og eg hadde bestillt wakeup call til 5.30 sidan bussen kom og skulle køyre oss til flyplassen kl 6. Det var med andre ord ein trøytt og elles ganske redusert Eirik som utan nemneverdige problem kom seg gjennom passkontrollen og tilbake til Japan.

Og han var einig om at han hadde hatt ein fin tur.

Stillig blå varebil.

Stillig blå varebil.

Advertisements

2 kommentarar to “Korea og bursdag og sånn”

  1. Mari Says:

    Fantastisk godt skrive, Eirik! Og so bra at du kan vera nøgd med eige selskap, det er ein viktig eigenskap 🙂 Håpar gebursdagen din var like god som du framstiller den her – det er iallefall ein original gebursdag (og sikkert meir positiv enn i fjor eg synes å minnast ein eksamen kring dei tider?)

  2. Eirik Magnar Says:

    Takkar 🙂
    Den har ein lei tendens til å kræsje med eksamen og sånn ja, men den kjipaste blir nok den eg hadde på øvelse i militæret. Feltrasjonar vege på ingen måte opp for mangelen på kake for å seie det slik..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: